Jens Kven?
Eg heiter Jens K Styve og er illustratør, teikneserieskapar og forfattar. Eg bur i Tromsø, mellom fjord og fjell, saman med ein fuglehund (Brego) som trur han er ein ulv.
Eg har laga teikneseriar i mange år, mest kjend er nok stripeserien Dunce, som har gått fast i ei rekke aviser og blitt samla i ein bunke bøker. Serien har fått både prisar og lesarar, det som betyr aller mest for meg, er at folk verkeleg ser ut til å bry seg om karakterane, Gustav, Brego, JensK og det merkelege universet dei lever i.
Dei siste åra har eg illustrert stadig fleire barnebøker, og eg diggar det. Å teikne historiar for barn og unge er ei gåve, dei har ein skarp intuisjon for kva som tek dei på alvor, kva som er fortalt med forteljarglede. Vi må aldri overlate til maskiner å lage barnebøker. (Lov meg det, lesarar og forlag.)
Stilen min er handteikna, analog og kanskje litt “skakk”. Eg trur på verdien av det menneskelege, i ei tid der mykje er polert og digitalt. Det er noko med ei rusten pennesplittlinje eller ein snublande fargeblyant som kan gje teikninga ekte liv.
Når eg ikkje teiknar, går eg og ruslar på fjellet, klatrar eller går på ski. Alltid grublande på nye prosjekt. Ingenting gjer meg meir gira enn når eg får skape noko.
PS: I tillegg til å teikne så likar eg å skrive, eg har skrive romanane Friedland (Samlaget) og Eg, Ove Kvamme (Cappelen Damm). Dersom du kjem med eit spanande skriveprosjekt så kan det hende eg blir frista til å diskutere det!